Hjort (Cervus elaphus)

Hjorten er vanleg over store delar av Europa og Nord-Amerika. I dei siste 50 åra har utbreiinga av hjort auka kraftig i Noreg.

Hjorten er ikkje eit flokkdyr, men kan i perioder opphalde seg i grupper med til dels nært beslekta individ. 

Karaktertrekk, vekst og utvikling

Hjorten er utbreidd over store delar av Europa og Nord-Amerika. Norsk hjort (Cervus elaphus atlanticus) er ein av mange underartar. I Noreg finst hjorten i dei aller fleste kommunar sør for Saltfjellet i Nordland.

Pels og farge

Eit typisk kjenneteikn hos hjorten er den mørke hårstripa frå nakken og langs heile ryggen. Denne synest tydeleg både i den raudbrune sommarpelsen, og i den meir gråbrune vinterpelsen. Innsida og baksida av låra har eit lysare hårlag, og dette utgjer det karakteristiske speilet. Blir dyra skremt eller vert desse håra gjerne sperra ut, slik at den lyse overflata gir skarp kontrast mot resten av pelsen.

Hjortekalven har kvite prikkar på ryggen og langs sidene den første sommaren. 

Når hjortekalven vert fødd er hovudfargen i pelsen raudbrun. I tillegg den tydelege lyse prikkar på ryggen og langs sidene. Dei lyse prikkane forsvinn gjerne i løpet av seinsommaren og hausten, men hos enkelte kalvar kan dei sjåast gjennom heile vinteren.

Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Dei tre-fire første vekene er den næringsrike morsmjølka heilt avgjerande for kalven. I denne perioden legg han på seg gjennomsnittleg 500-600 gram pr. dag og etter tre til fire månadar er fødselsvekta femdobla.

Mesteparten av dei unge bukkane vert kjønnsmodne som eit og eit halvt åringar. Blant kollene kan denne andelen variere noko meir. Kjønnsmodning er nært relatert til kroppsvekt, og dyr med gode vekstforhold aukar sjansane for kjønnsmodning ved ung alder. I løpet av sin tredje haust, vil derimot nær 100 % av kollene kome i brunst og verte befrukta.

Hjorten sin sommarpels er raudbrun. Skiftet til vinterpels skjer i oktober-november.

Kollene når full storleik omkring fem års alder og veg då mellom 80 og 120 kilo levandevekt. Skulderhøgda og kroppslengd frå snute til halerot er omsynsvis cirka 100-120 og 170-190 cm. Bukkane vert større enn hodyra og har ein lengre vekstperiode. Først ved seks til åtte års alder når dei full kroppsstorleik på opp mot 235 kilo.

Skulderhøgd og kroppslengd for ein vaksen bukk er omkring 120-140 og 210-230 cm. Den eldste viltlevande hannhjorten ein kjenner til i Norge, vart 16 år, medan eldste hodyr tilsvarande blei 27 år. Høg alder resulterer gjerne i redusert kroppsvekt og nedsett reproduksjon, og få dyr vert eldre enn 10-12 år.

Gevir

Berre hanndyra utviklar gevir. Geviret er viktig både for individa sin sosiale status og som våpen i kampar bukkane imellom. Det veks fram frå to vekstsenter (rosenkransar) på hovudet. I vekstperioden er geviret omgitt av eit hudlag (basthuda). Basten inneheld eit rikt nettverk med nerveceller og blodårer, og sørger på denne måten for vern og tilførsel av næringsstoff i vekstperioden.

Når geviret er vakse ferdig, tørkar basthuda ut og vert fjerna ved at bukken feiar geviret mot tre og busker. Hjorten ber geviret gjennom heile vinteren, og kastar det først i april-mai. Kort tid etter at det gamle geviret er felt tek eit nytt til å vekse fram, og etter cirka fire månader er eit nytt fullvakse gevirsett på plass.

Bukken feller geviret om våren. I løpet av sommaren veks eit nytt. Så lenge bukken er i vekst blir det nye geviret større enn det geviret den hadde førre året. 

Det første gevirsettet vert utvikla ved eitt års alder. Dette består vanlegvis av 2 rette steng, men dyr i god kondisjon kan utvikle gevir med forgreiningar allereie i så ung alder. Dei 2 rette stengene har gitt opphav til ungbukken sine mange tilnamn (spissbukk, stilk, beinhynnel mfl.) Med alderen får bukken større og kraftigare gevir, men det er ikkje slik mange trur, at hjorten får ein ny gevirtakk for kvart år. Dei største gevira vert utvikla ved sju til ti års alder, og kvar gevirstang har då vanlegvis mellom fem og sju takkar. Hannhjortar som er passert 10-12 år får gradvis dårlegare gevir, der både volummasse og tal gevirtakkar vert redusert. Slike bukkar vert gjerne kalla returbukkar.

Atferd, aktivitetsmønster og leveområde

Aktivitets- og kvileperiodar

Mykje av hjorten si tid går med til å ete og drøvtygge. I sommarhalvåret er det vanleg med 4-6 beiteperiodar gjennom døgnet, medan dette talet vert redusert til 2-3 i vinterhalvåret. Den mest aktive perioden er natta og skumringstimane om morgon og kveld. Det meste av beitinga skjer derfor i dette tidsrommet, medan store delar av dagen går med til kvile- og drøvtygging.

Sansar

Hjorten er eit typisk skogsdyr, og viser seg sjeldan i ope terreng. Lukt og hørsel er dei viktigaste og best utvikla sansane. Nattsynet er også godt, men hjorten skil dårleg mellom fargar. Den kan derfor ha vanskeleg for å oppdage ein urørleg person, så lenge lukt eller lyd ikkje avslører vedkomande.

Sosiale band

Kolla går drektig i snaue åtte månader (ca. 230 dagar) og får vanlegvis ein kalv kvart år. Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Den første tida legg kalven på seg 5-600 gram per dag.

Den første tida etter fødsel ligg kalven mykje og trykkjer medan mora held seg i nærområdet. I denne perioden oppsøker kolla kalven berre i korte periodar for å die. Kalven veks raskt, og etter ei vekes tid er han sterk nok til å følge mora. Frå no av er dei sjeldan langt frå einannan, og kalven lærer matvaner og atferdsmønster, som vil prege han resten av livet. For hannkalvar varer dette nære bandet omlag fram til to års alder. Hokalvar kan derimot halde seg saman med mødrene sine i fleire år, og utgjer på denne måten faste grupper av nært beslekta individ.

Dei unge bukkane finn seg vanlegvis nye tilhaldsstadar utanfor mora sitt leveområde. Saman med andre bukkar kan dei halde saman i små grupper for ein kortare eller lengre periode. På denne måten held koller og bukkar seg skild frå kvarandre gjennom det meste av året.

Brunsttid

I slutten av september startar den årlege paringstida (brunsten). Samtidig som bukkane blir meir aggressive mot kvarandre tek dei no til å oppsøke kollene sine tilhaldsstadar. Hjorten er polygam. Dette tyder at ein hann kan pare seg med fleire hodyr same sesong, og det finst såleis ingen faste parbindingsforhold mellom bukkar og koller i paringstida. Når brunsten er på sitt mest intense, brukar dei vaksne hannane derfor det aller meste av tid og energi på å samle og forsvare større eller mindre harem av koller og ungdyr.

Hjorten sitt gevir fungerer som statussymbol og våpen i kamp med rivalar. 

På grunn av sterkt redusert fôropptak og stor aktivitet under brunsten, kan bukkane ha eit vekttap på 20-30 % av maksvekta før brunstperioden. I denne perioden kan ein også høyre bukkane brøle til kvarandre, og i møte mellom rivaliserande hannar kjem det tidvis til harde kampar der liv kan gå tapt.

Vinteren, eit nålauge

På seinsommaren og hausten legg hjorten opp betydelege feittlager. Dette er energireservar som dyra tærer på gjennom vinteren når mattilgangen vert knapp. Dei vaksne bukkane brukar ein stor del av sine feittreservar i samband med brunsten. Når denne perioden ebbar rundt midten av november lyt bukkane prøve å erstatte litt av dei tapte energilagra for å overleve vinteren.

For å klare seg gjennom vinteren reduserer hjorten både aktivitet og stoffskifte. På denne måten minkar energibehovet og opplagsnæringa varer lengre. Dyret er no innstilt på å klare seg gjennom dei komande månadane på minst mogleg energi. Dette er også grunnen til at hjorten vanskeleg legg på seg gjennom vinteren, sjølv om den har rikeleg tilgang på mat.

Habitat og fødeval

Kvantitet og kvalitet

Hjorten er klassifisert som ein såkalla mellombeitar. Dette vil seie at den plasserer seg mellom dei artane som beiter mest selektivt, til dømes rådyr og elg, og dei typiske grovfôrbeitarane som sau og storfe.

Hjorten vel saftige og ferske planter framfor tørrare, eldre vekstar. 

Generelt kan vi seie at hjorten vel ferske og saftige plantar framfor eldre, tørrare plantar. Våren er såleis ei fin tid for dyra; over alt spirer nye, grøne skot. I denne tidlege fasen vil svært mange artar vere attraktive, men mengdene av kvart slag er små. Hjorten beiter difor dei første spirene av mange ulike planter, i mange ulike vegetasjonstypar. Utover sommaren blir det meir av kvart planteslag, medan proteininnhaldet etter kvart går ned.

Sommarmat

Dei undersøkingane som er gjort i Norden syner at gras og halvgras er den viktigaste plantegruppe sommarstid. Dei mest vanlege artane er smyle, kvein- og svingelartar og blåtopp. Ulike urter spelar og ei vesentleg rolle i sommardietten. På vårparten er kvitveis ein tydeleg favoritt. Elles blir artar som stormarimjelle, tepperot og gaukesyre mykje beita. Men, hjorten vel vanlegvis artar i tråd med tilbodet på staden.

Beiting av skot og lauv frå busker og tre er også svært viktig. Vanlege artar som blir beita er bjørk, hassel, rogn og selje, og av desse vel dyra rogn framfor bjørk og hassel.

Vinterfôr

Haust- og vinterdietten er prega av meir vedrik kost enn om sommaren. Dette skuldast både at fiberinnhaldet i gras og urter er høgt, men også at lyng, knuppar og kvist utgjer ein større del av fødemengda. Røsslyng og einer er to nøkkelartar. Desse vil ofte vere å finne heile vinteren, og blir mykje beita. Lyngartar som blåbær og tyttebær er populære beiteplantar så lenge snømengdene ikkje blir for store. Innimellom et hjorten òg ein del gras, men i små mengder.

Vinteren kan vere ei tøff tid, og hjorten beiter gjerne på felte tre. 

Når snømengdene aukar, skjer ein større del av beitinga i busk- og tresjiktet. Her tek hjorten knoppar og skot av artar som rogn, osp og selje. Likeeins er skot frå bartre, særleg gran, viktig føde.

Barkgnaging kan hjorten drive med heile året, særleg på tre som er felt av hogst eller vind. Barkgnaging på ståande tre er mest vanleg vinterstid. Særleg kan det gå hardt utover unge tre som har tynt og saftig barklag. Frukttre, rogn, selje, kristtorn, furu, gran er mellom dei mest utsette treslaga.

Sesongtrekk og habitat/leveområde

Medan enkelte hjortar er stasjonære gjennom heile året, har andre dyr kortare eller lengre vandringar mellom sommar- og vintertilhaldsområda. Eit vanleg mønster er at dyra overvintrar nært kysten og/eller i lågareliggande område med relativt milde og snøfattige vintrar. Om våren flyttar dei seg gjerne oppover i høgda og innover i landet i takt med at snøen trekk seg tilbake og ny vegetasjon spirer. Under dette vårtrekket kan ein mange stadar sjå store flokkar med hjort som beiter den første groen på innmarka.

Sidan hjorten sin aktivitet er innstilt på energisparing om vinteren, har dyra behov for eit mykje mindre leveområde i denne tida enn om sommaren. Medan eit sommarområde kan vere opp mot 10 km2, treng eit leveområde om vinteren ikkje vere større enn 1 km2. Vinterbestanden av hjort kan derfor vere svært tett innan attraktive overvintringslokalitetar.