Hjort (Cervus elaphus)
Hjorten er vanleg over store delar av Europa og Nord-Amerika. I dei siste 50 åra har utbreiinga av hjort auka kraftig i Noreg.
Karaktertrekk, vekst og utvikling
Hjorten er utbreidd over store delar av Europa og Nord-Amerika. Norsk hjort (Cervus elaphus atlanticus) er ein av mange underartar. I Noreg finst hjorten i dei aller fleste kommunar sør for Saltfjellet i Nordland.
Pels og farge
Eit typisk kjenneteikn hos hjorten er den mørke hårstripa frå nakken og langs heile ryggen. Denne synest tydeleg både i den raudbrune sommarpelsen, og i den meir gråbrune vinterpelsen. Innsida og baksida av låra har eit lysare hårlag, og dette utgjer det karakteristiske speilet. Blir dyra skremt eller vert desse håra gjerne sperra ut, slik at den lyse overflata gir skarp kontrast mot resten av pelsen.
Når hjortekalven vert fødd er hovudfargen i pelsen raudbrun. I tillegg den tydelege lyse prikkar på ryggen og langs sidene. Dei lyse prikkane forsvinn gjerne i løpet av seinsommaren og hausten, men hos enkelte kalvar kan dei sjåast gjennom heile vinteren.
Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Dei tre-fire første vekene er den næringsrike morsmjølka heilt avgjerande for kalven. I denne perioden legg han på seg gjennomsnittleg 500-600 gram pr. dag og etter tre til fire månadar er fødselsvekta femdobla.
Mesteparten av dei unge bukkane vert kjønnsmodne som eit og eit halvt åringar. Blant kollene kan denne andelen variere noko meir. Kjønnsmodning er nært relatert til kroppsvekt, og dyr med gode vekstforhold aukar sjansane for kjønnsmodning ved ung alder. I løpet av sin tredje haust, vil derimot nær 100 % av kollene kome i brunst og verte befrukta.
Kollene når full storleik omkring fem års alder og veg då mellom 80 og 120 kilo levandevekt. Skulderhøgda og kroppslengd frå snute til halerot er omsynsvis cirka 100-120 og 170-190 cm. Bukkane vert større enn hodyra og har ein lengre vekstperiode. Først ved seks til åtte års alder når dei full kroppsstorleik på opp mot 235 kilo.
Skulderhøgd og kroppslengd for ein vaksen bukk er omkring 120-140 og 210-230 cm. Den eldste viltlevande hannhjorten ein kjenner til i Norge, vart 16 år, medan eldste hodyr tilsvarande blei 27 år. Høg alder resulterer gjerne i redusert kroppsvekt og nedsett reproduksjon, og få dyr vert eldre enn 10-12 år.
Gevir
Berre hanndyra utviklar gevir. Geviret er viktig både for individa sin sosiale status og som våpen i kampar bukkane imellom. Det veks fram frå to vekstsenter (rosenkransar) på hovudet. I vekstperioden er geviret omgitt av eit hudlag (basthuda). Basten inneheld eit rikt nettverk med nerveceller og blodårer, og sørger på denne måten for vern og tilførsel av næringsstoff i vekstperioden.
Når geviret er vakse ferdig, tørkar basthuda ut og vert fjerna ved at bukken feiar geviret mot tre og busker. Hjorten ber geviret gjennom heile vinteren, og kastar det først i april-mai. Kort tid etter at det gamle geviret er felt tek eit nytt til å vekse fram, og etter cirka fire månader er eit nytt fullvakse gevirsett på plass.
Det første gevirsettet vert utvikla ved eitt års alder. Dette består vanlegvis av 2 rette steng, men dyr i god kondisjon kan utvikle gevir med forgreiningar allereie i så ung alder. Dei 2 rette stengene har gitt opphav til ungbukken sine mange tilnamn (spissbukk, stilk, beinhynnel mfl.) Med alderen får bukken større og kraftigare gevir, men det er ikkje slik mange trur, at hjorten får ein ny gevirtakk for kvart år. Dei største gevira vert utvikla ved sju til ti års alder, og kvar gevirstang har då vanlegvis mellom fem og sju takkar. Hannhjortar som er passert 10-12 år får gradvis dårlegare gevir, der både volummasse og tal gevirtakkar vert redusert. Slike bukkar vert gjerne kalla returbukkar.
Atferd, aktivitetsmønster og leveområde
Aktivitets- og kvileperiodar
Mykje av hjorten si tid går med til å ete og drøvtygge. I sommarhalvåret er det vanleg med 4-6 beiteperiodar gjennom døgnet, medan dette talet vert redusert til 2-3 i vinterhalvåret. Den mest aktive perioden er natta og skumringstimane om morgon og kveld. Det meste av beitinga skjer derfor i dette tidsrommet, medan store delar av dagen går med til kvile- og drøvtygging.
Sansar
Hjorten er eit typisk skogsdyr, og viser seg sjeldan i ope terreng. Lukt og hørsel er dei viktigaste og best utvikla sansane. Nattsynet er også godt, men hjorten skil dårleg mellom fargar. Den kan derfor ha vanskeleg for å oppdage ein urørleg person, så lenge lukt eller lyd ikkje avslører vedkomande.